onsdag 26. juni 2013

Tomatsaus!

"Tomatsaus?" seier kanskje du. "Tomatsaus!" seier eg.

Kven skulle tru at noko så anonymt som tomatsaus kan vere skikkeleg, skikkeleg godt? I mange år gjorde eg noko så dumt som å kjøpe tomatsausen ferdig, berre fordi den kosta så frykteleg lite, i staden for å lage den sjølv. Men ein kan jo heilt fint lage den sjølv! Denne oppskrifta brukar eg, tilpassa etter ei oppskrift eg fann i eit oppskriftshefte frå Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøt:

Ein boks hakka tomatar
To ss tomatpuré
Ei teskei Sukrin (eller sukker, om ein vil)
Ei teskei pesto (mest fordi eg ikkje hadde basilikum, men ein pesto med 60% basilikum holdt i massevis)
Salt (eg brukte kvitlaukssalt, då eg ikkje hadde kvitlauk)
Pepar
Oregano
Kryddermix med chili (eg er fan av Chili Explosion frå Santa Maria, trass det litt kleine namnet.)

Hell dei hakka tomatane og tomatpureen i ein liten kasserolle. Ha i sukrin, pesto, og krydder til det er passe. La det småkoke i 10 min. Så lett er det!

Det ser jo unekteleg litt mindre delikat ut enn på mange andre matbloggar, men det får heller vere.

For meg som oftast lagar middag til meg sjølv, held dette til to dagar, omtrent uansett kva eg lager. I dag laga eg pizza med denne botnen, berre med mandelmjøl i staden for kokosmjøl, ettersom det var det eg hadde. Så smurte eg på tomatsaus, ost, raudløk og spekeskinke, stekte den til osten vart gylden, og åt opp alt saman sjølv.

Omnomnom!
 Det som nesten er det greiaste er at det som er til overs akkurat får plass i eit stort tomatpuréglass, så det er null stress å helle over, setje det i kjøleskapet, og bruke det ein gong den neste veka (for det held heilt fint så lenge). Eg har etter mange år med ad hoc-matlaging fått litt rutiner, så då er sausen til fredagsspagettien klar!

Hendig.

torsdag 13. juni 2013

Pica Pica

Eg kan av og til vere som ei skjor - eg er glad i det nye og skinande. Akkurat no er eg heilt frå meg av begeistring av den nye treningstightsen min frå 2XU. Eg er no ikkje heilt sikker på kor mykje kompresjonen har å seie på prestasjonen, spesielt sidan eg ikkje er nokon langdistanseløpar, men den sit og kjennast veldig godt på, då. Og når eg fann han på tilbod for nokre veker sidan, så gjekk den plutseleg frå å vere altfor dyr til å berre vere bittelitt for dyr (og det må vel gå greit?).


Men så kom eg til å tenkje: Finst det ikkje noko betre ord for tights i det norske språket? I Nynorskordboka på nett står det berre "ettersitjande, elastisk treningsbukse", og i det daglege vert det kanskje litt tungvint å bruke. Ein kan jo ikkje berre fornorske det heller - "taits" blir etter mi meining eit frykteleg uestetisk ord. Men det sa ein kanskje om vaier (wire) óg, ein gong i tida.

(Pica pica er forresten det latinske namnet på skjora - ikkje noko Pokémonreferanse her (enno)! )

søndag 2. juni 2013

Med blanke ark og fargestiftar til.


Då prøver vi på nytt!

Denne bloggen har vore temmeleg inaktiv sidan 2011 ein gong, og i løpet av den tida har eg vokse noko ut av og vekk ifrå den eg var for to år sidan. Ikkje nødvendigvis til det betre på alle måtar, men definitivt annleis. Difor har eg valt å starte litt på nytt (utan at eg tek med bryet med å lage ny blogg når eg likevel har eit domene eg tykkjer godt om), og har nullstilt Fugløperspektivbloggen.

Eg veit enno ikkje heilt kva denne bloggen skal handle mest om, men det blir nok litt ymse av det som er i livet mitt no. Litt fysioterapi, litt trening, litt mat, litt tankar. Vi får sjå, ein frisk start vert det i alle fall!

Og dette biletet har faktisk rukke å bli over eit år gamalt. Tenk det!