fredag 15. november 2013

Superfredag


Det er ikkje ofte at ein tenkjer at ALT fungerer ein dag. Men i dag var dagen! Eller - eigentleg var det berre to store sigrar som farga resten av dagen lyseblå og positiv.

Sigar #1: Eg stod på teoriprøva for førerkort klasse B! På første forsøk og alt! Denne pangstarten la jo eigentleg standarden for resten av dagen.

Sigar #2: Eg kom endeleg til 90 kg i markløft! Eg har stampa og styrt og liksom ikkje heilt klart meg opp til 90 før i dag, og i dag så klarte eg det til og med to gonger (fordelt på to sett, 2. gong med belte). Med belte hadde eg faktisk enno meir i meg, men er litt småforsiktig med å setje rekordar med belte - ein skal jo helst ha stabilitet nok til å klare det utan så langt det er mogleg. Så då vart det feiring med taco* og TV-serier i kjellaren i Bærum.

God helg!

*I praksis vart dette restane frå linsegryta i forgårs med tacosaus oppi. Ein skal jo ete opp restemiddagar.

P.S. For dykk som ikkje er så vane med nynorsk, så har eg ikkje teke opp røyking (med tanke på sigarar og sånn), men SIGRAR, sånne ein tek når ein vinn i noko.

torsdag 17. oktober 2013

Parisartoast!

"Croque monsieur, også kalt parisertoast, betegner et varmt smørbrød med skinke og ost (oftest emmentaler eller gruyère), som stekes eller grilles"

-  Wikipedia.no

I eit forsøk på å lage litt fancy frukost ein døsig laurdag, endte eg opp med å prøve meg på ein slags croque monsieur, sjølv om den sikkert ikkje ville vore godtkjent av ein croque monsieur-connoisseur. For ikkje hadde eg loff, ikkje hadde eg ork til å lage bechamelsaus, og ikkje hadde eg emmentaler eller gruyère. Eg hadde ikkje ordentleg skinke ein gong!

Det eg hadde, var grovt brød, hamburgerrygg, vanleg gulost, bittelitt parmesan, dijonsennep, spinat, egg og litt mjølk. Først blanda eg saman eitt egg med litt mjølk, som eg så stekte i panne med litt smør. Arme riddarar, rett og slett!

Så smurte eg eit tynt, tynt lag med sennep på ei av skivene (for eg er ikkje glad i sennep), la på spinat, hamburgerrygg og ost. Så la eg skive nr. 2 oppå, og så tok på meir gulost og litt parmesan. Så inn i ovnen på ca. 200 °C til osten er passe smelta (eg hadde dei nok i litt for lenge, men dei vart gode likevel!)


Sånn kan óg ein laurdagsfrukost sjå ut. Ikkje på biletet: Aeropresskaffi, GTA V og 1 stk imponert kjærast.


søndag 6. oktober 2013

Level up!




Noko av det aller første eg hugsar frå fysioterapiutdanninga, var når vi skulle introdusere oss for resten av faddergruppa. Sidan eg satt på enden av ein halvsirkel, var eg så heldig å starte heile greia, og sa litt om meg og kva eg dreiv med. Sidan eg kom rett frå Ten Sing Norway og folkehøgskule, var det mest litt sånn kreativt og musikk og sånn eg sa noko om.


ALLE andre hadde ein eller anna idrett som hovudinteresse. Eg hugsar eg tenkte med meg sjølv at «Herlighet, kva for ein gjeng er det eigentleg eg har blitt med i?». Ein anna ting eg hugsar, er at eg sa til nokon andre at «mange har det sånn at når dei har trent 3 gonger ei veke, så er det litt sånn OK minus» og var heilt sjokkert over dette.

Mykje har forandra seg sidan det. Eg vart meir og meir interessert i trening, og ved byrjinga av mitt tredje decennium gjekk eg fast på treningssenter, mest på uthaldsapparata (tredemølle og ellipsemaskin) og noko på timer. Og det var heilt greitt, for all del, men eg merka ikkje dei store resultata, og sleit litt med motivasjonen. Så oppdaga eg i samanheng med lanseringa av Skyrim noko som heitte Skyrim Fitness Challenge, arrangert av ein nettstad som heitte Fitocracy. Kva var dette her? Jo, det var det billigaste og enklaste belønningssystemet eg kunne bedt om. 

Fitocracy er rett og slett ein sosial nettstad for dei som trener. Når ein loggfører det ein har trent på Fitocracy, får ein XP. Når ein får nok XP, går man opp eit nivå. Så sjølv om eg ikkje var sånn superflink, og sjølv om dagsformen ikkje var heilt superduper, og eg berre gjorde nokon øvingar heime, så fekk eg poeng. Uansett, sjølv om det berre var litt. I tillegg er dette eit kjent system for dei som har spelt mykje dataspel, noko som kan gje mange av dei som ikkje er aktive ein motivasjon til å byrje å trene meir. Og i tillegg til desse poenga ein får, får ein óg anerkjennelse frå andre fitokratar. Og ein veit jo at det ikkje betyr noko meir enn at nokon liker noko på Facebook, men så betyr det litt likevel! 

Ein veldig heldig bieffekt av Fitocracy, var at det fekk meg over på frivekttrening. Trening med frie vekter gjev nemleg vesentleg mykje meir poeng enn andre typar trening, noko som gjorde det meir motiverande. Og sjølv om det var ein litt tøysete grunn til å starte med frie vekter, så var det jo tross alt ein start! I dag så er frivektstrening det mest morsomme og motiverande eg trener, og eg loggfører stadig på Fitocracy, og vil anbefale det på det varmaste! Og trening har blitt ein så stor del av livet mitt at det har blitt min hovudfritidsaktivitet – og tre treningsøkter i veka er litt i underkant.

mandag 23. september 2013

Ein frykteleg god idé!

Eg følgjer eit par matbloggar, dei fleste på grunn av maten, men nokre følgjer eg óg på grunn av at dei er morosamt eller spanande skrive. Ein av desse er Primal Will, ein veldig intens, men veldig morosam mann å følgje. For matbloggar treng jo ikkje utelukkande å vere svært feminine kvinner med KitchenAidmaskin som lager ting med rosa glasur - her er det maskulin matlaging som gjeld. Og når oppskrifta i seg sjølv ikkje er så maskulin, så gjer Will det litt tøffare sjølv - som i dette innlegget her, der frukostmuffinsane har fått ein liten rosa dinosaur som pynt.

Men grunnen til at eg i det heile tatt skriv om Primal Will, er at eg i dag har laga ei av oppskriftene hans; blomkålsris. Det er så enkelt som å steike litt løk, ha i litt kokos, blende ein blomkål, blande alt og varme opp.

Ein skulle jo ikkje tru det var noko spesielt. Spesielt ikkje eg, som synes vanleg, kokt blomkål er den aller mest kjedelege grønsaken som finst.  Men herlighet. For det første: Det smakar skikkeleg godt. Løken og kokosen gjer at det vert ein litt sånn nøtteaktig smak av det, noko som eg synes er skikkeleg stas. Med litt kyllingstrimlar som var stekt i currykrydder og litt soyasaus satt eg overraskande nok og koste meg ordentleg.

Tente telys og alt.


For det andre: Det er jo litt betre å få i seg ein ekstra grønsak til middag enn å berre ete ris. For det tredje: Det tek MYKJE kortare tid enn å koke ris. Her skal ting berre varmast! For det fjerde: Om eg kjøper ein pakke ris, et eg det ein gong, og så vert resten av pakken ståande til eg MÅ bruke den opp, fordi den berre tek opp plass. I denne oppskrifta brukar eg eit heilt hovud, som akkurat held til to (evt. ein stor middag og ein lunsj dagen etter), og så er det ingenting å ha ståande i skapet i all den tid.

onsdag 26. juni 2013

Tomatsaus!

"Tomatsaus?" seier kanskje du. "Tomatsaus!" seier eg.

Kven skulle tru at noko så anonymt som tomatsaus kan vere skikkeleg, skikkeleg godt? I mange år gjorde eg noko så dumt som å kjøpe tomatsausen ferdig, berre fordi den kosta så frykteleg lite, i staden for å lage den sjølv. Men ein kan jo heilt fint lage den sjølv! Denne oppskrifta brukar eg, tilpassa etter ei oppskrift eg fann i eit oppskriftshefte frå Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøt:

Ein boks hakka tomatar
To ss tomatpuré
Ei teskei Sukrin (eller sukker, om ein vil)
Ei teskei pesto (mest fordi eg ikkje hadde basilikum, men ein pesto med 60% basilikum holdt i massevis)
Salt (eg brukte kvitlaukssalt, då eg ikkje hadde kvitlauk)
Pepar
Oregano
Kryddermix med chili (eg er fan av Chili Explosion frå Santa Maria, trass det litt kleine namnet.)

Hell dei hakka tomatane og tomatpureen i ein liten kasserolle. Ha i sukrin, pesto, og krydder til det er passe. La det småkoke i 10 min. Så lett er det!

Det ser jo unekteleg litt mindre delikat ut enn på mange andre matbloggar, men det får heller vere.

For meg som oftast lagar middag til meg sjølv, held dette til to dagar, omtrent uansett kva eg lager. I dag laga eg pizza med denne botnen, berre med mandelmjøl i staden for kokosmjøl, ettersom det var det eg hadde. Så smurte eg på tomatsaus, ost, raudløk og spekeskinke, stekte den til osten vart gylden, og åt opp alt saman sjølv.

Omnomnom!
 Det som nesten er det greiaste er at det som er til overs akkurat får plass i eit stort tomatpuréglass, så det er null stress å helle over, setje det i kjøleskapet, og bruke det ein gong den neste veka (for det held heilt fint så lenge). Eg har etter mange år med ad hoc-matlaging fått litt rutiner, så då er sausen til fredagsspagettien klar!

Hendig.

torsdag 13. juni 2013

Pica Pica

Eg kan av og til vere som ei skjor - eg er glad i det nye og skinande. Akkurat no er eg heilt frå meg av begeistring av den nye treningstightsen min frå 2XU. Eg er no ikkje heilt sikker på kor mykje kompresjonen har å seie på prestasjonen, spesielt sidan eg ikkje er nokon langdistanseløpar, men den sit og kjennast veldig godt på, då. Og når eg fann han på tilbod for nokre veker sidan, så gjekk den plutseleg frå å vere altfor dyr til å berre vere bittelitt for dyr (og det må vel gå greit?).


Men så kom eg til å tenkje: Finst det ikkje noko betre ord for tights i det norske språket? I Nynorskordboka på nett står det berre "ettersitjande, elastisk treningsbukse", og i det daglege vert det kanskje litt tungvint å bruke. Ein kan jo ikkje berre fornorske det heller - "taits" blir etter mi meining eit frykteleg uestetisk ord. Men det sa ein kanskje om vaier (wire) óg, ein gong i tida.

(Pica pica er forresten det latinske namnet på skjora - ikkje noko Pokémonreferanse her (enno)! )

søndag 2. juni 2013

Med blanke ark og fargestiftar til.


Då prøver vi på nytt!

Denne bloggen har vore temmeleg inaktiv sidan 2011 ein gong, og i løpet av den tida har eg vokse noko ut av og vekk ifrå den eg var for to år sidan. Ikkje nødvendigvis til det betre på alle måtar, men definitivt annleis. Difor har eg valt å starte litt på nytt (utan at eg tek med bryet med å lage ny blogg når eg likevel har eit domene eg tykkjer godt om), og har nullstilt Fugløperspektivbloggen.

Eg veit enno ikkje heilt kva denne bloggen skal handle mest om, men det blir nok litt ymse av det som er i livet mitt no. Litt fysioterapi, litt trening, litt mat, litt tankar. Vi får sjå, ein frisk start vert det i alle fall!

Og dette biletet har faktisk rukke å bli over eit år gamalt. Tenk det!