mandag 23. september 2013

Ein frykteleg god idé!

Eg følgjer eit par matbloggar, dei fleste på grunn av maten, men nokre følgjer eg óg på grunn av at dei er morosamt eller spanande skrive. Ein av desse er Primal Will, ein veldig intens, men veldig morosam mann å følgje. For matbloggar treng jo ikkje utelukkande å vere svært feminine kvinner med KitchenAidmaskin som lager ting med rosa glasur - her er det maskulin matlaging som gjeld. Og når oppskrifta i seg sjølv ikkje er så maskulin, så gjer Will det litt tøffare sjølv - som i dette innlegget her, der frukostmuffinsane har fått ein liten rosa dinosaur som pynt.

Men grunnen til at eg i det heile tatt skriv om Primal Will, er at eg i dag har laga ei av oppskriftene hans; blomkålsris. Det er så enkelt som å steike litt løk, ha i litt kokos, blende ein blomkål, blande alt og varme opp.

Ein skulle jo ikkje tru det var noko spesielt. Spesielt ikkje eg, som synes vanleg, kokt blomkål er den aller mest kjedelege grønsaken som finst.  Men herlighet. For det første: Det smakar skikkeleg godt. Løken og kokosen gjer at det vert ein litt sånn nøtteaktig smak av det, noko som eg synes er skikkeleg stas. Med litt kyllingstrimlar som var stekt i currykrydder og litt soyasaus satt eg overraskande nok og koste meg ordentleg.

Tente telys og alt.


For det andre: Det er jo litt betre å få i seg ein ekstra grønsak til middag enn å berre ete ris. For det tredje: Det tek MYKJE kortare tid enn å koke ris. Her skal ting berre varmast! For det fjerde: Om eg kjøper ein pakke ris, et eg det ein gong, og så vert resten av pakken ståande til eg MÅ bruke den opp, fordi den berre tek opp plass. I denne oppskrifta brukar eg eit heilt hovud, som akkurat held til to (evt. ein stor middag og ein lunsj dagen etter), og så er det ingenting å ha ståande i skapet i all den tid.