torsdag 17. oktober 2013

Parisartoast!

"Croque monsieur, også kalt parisertoast, betegner et varmt smørbrød med skinke og ost (oftest emmentaler eller gruyère), som stekes eller grilles"

-  Wikipedia.no

I eit forsøk på å lage litt fancy frukost ein døsig laurdag, endte eg opp med å prøve meg på ein slags croque monsieur, sjølv om den sikkert ikkje ville vore godtkjent av ein croque monsieur-connoisseur. For ikkje hadde eg loff, ikkje hadde eg ork til å lage bechamelsaus, og ikkje hadde eg emmentaler eller gruyère. Eg hadde ikkje ordentleg skinke ein gong!

Det eg hadde, var grovt brød, hamburgerrygg, vanleg gulost, bittelitt parmesan, dijonsennep, spinat, egg og litt mjølk. Først blanda eg saman eitt egg med litt mjølk, som eg så stekte i panne med litt smør. Arme riddarar, rett og slett!

Så smurte eg eit tynt, tynt lag med sennep på ei av skivene (for eg er ikkje glad i sennep), la på spinat, hamburgerrygg og ost. Så la eg skive nr. 2 oppå, og så tok på meir gulost og litt parmesan. Så inn i ovnen på ca. 200 °C til osten er passe smelta (eg hadde dei nok i litt for lenge, men dei vart gode likevel!)


Sånn kan óg ein laurdagsfrukost sjå ut. Ikkje på biletet: Aeropresskaffi, GTA V og 1 stk imponert kjærast.


søndag 6. oktober 2013

Level up!




Noko av det aller første eg hugsar frå fysioterapiutdanninga, var når vi skulle introdusere oss for resten av faddergruppa. Sidan eg satt på enden av ein halvsirkel, var eg så heldig å starte heile greia, og sa litt om meg og kva eg dreiv med. Sidan eg kom rett frå Ten Sing Norway og folkehøgskule, var det mest litt sånn kreativt og musikk og sånn eg sa noko om.


ALLE andre hadde ein eller anna idrett som hovudinteresse. Eg hugsar eg tenkte med meg sjølv at «Herlighet, kva for ein gjeng er det eigentleg eg har blitt med i?». Ein anna ting eg hugsar, er at eg sa til nokon andre at «mange har det sånn at når dei har trent 3 gonger ei veke, så er det litt sånn OK minus» og var heilt sjokkert over dette.

Mykje har forandra seg sidan det. Eg vart meir og meir interessert i trening, og ved byrjinga av mitt tredje decennium gjekk eg fast på treningssenter, mest på uthaldsapparata (tredemølle og ellipsemaskin) og noko på timer. Og det var heilt greitt, for all del, men eg merka ikkje dei store resultata, og sleit litt med motivasjonen. Så oppdaga eg i samanheng med lanseringa av Skyrim noko som heitte Skyrim Fitness Challenge, arrangert av ein nettstad som heitte Fitocracy. Kva var dette her? Jo, det var det billigaste og enklaste belønningssystemet eg kunne bedt om. 

Fitocracy er rett og slett ein sosial nettstad for dei som trener. Når ein loggfører det ein har trent på Fitocracy, får ein XP. Når ein får nok XP, går man opp eit nivå. Så sjølv om eg ikkje var sånn superflink, og sjølv om dagsformen ikkje var heilt superduper, og eg berre gjorde nokon øvingar heime, så fekk eg poeng. Uansett, sjølv om det berre var litt. I tillegg er dette eit kjent system for dei som har spelt mykje dataspel, noko som kan gje mange av dei som ikkje er aktive ein motivasjon til å byrje å trene meir. Og i tillegg til desse poenga ein får, får ein óg anerkjennelse frå andre fitokratar. Og ein veit jo at det ikkje betyr noko meir enn at nokon liker noko på Facebook, men så betyr det litt likevel! 

Ein veldig heldig bieffekt av Fitocracy, var at det fekk meg over på frivekttrening. Trening med frie vekter gjev nemleg vesentleg mykje meir poeng enn andre typar trening, noko som gjorde det meir motiverande. Og sjølv om det var ein litt tøysete grunn til å starte med frie vekter, så var det jo tross alt ein start! I dag så er frivektstrening det mest morsomme og motiverande eg trener, og eg loggfører stadig på Fitocracy, og vil anbefale det på det varmaste! Og trening har blitt ein så stor del av livet mitt at det har blitt min hovudfritidsaktivitet – og tre treningsøkter i veka er litt i underkant.