Noko av det aller første eg hugsar frå
fysioterapiutdanninga, var når vi skulle introdusere oss for resten av
faddergruppa. Sidan eg satt på enden av ein halvsirkel, var eg så heldig å
starte heile greia, og sa litt om meg og kva eg dreiv med. Sidan eg kom rett
frå Ten Sing Norway og folkehøgskule, var det mest litt sånn kreativt og musikk
og sånn eg sa noko om.
ALLE andre hadde ein eller anna idrett som hovudinteresse.
Eg hugsar eg tenkte med meg sjølv at «Herlighet, kva for ein gjeng er det
eigentleg eg har blitt med i?». Ein anna ting eg hugsar, er at eg sa til nokon
andre at «mange har det sånn at når dei har trent 3 gonger ei veke, så er det
litt sånn OK minus» og var heilt sjokkert over dette.
Mykje har forandra seg sidan det. Eg vart meir og meir
interessert i trening, og ved byrjinga av mitt tredje decennium gjekk eg fast
på treningssenter, mest på uthaldsapparata (tredemølle og ellipsemaskin) og
noko på timer. Og det var heilt greitt, for all del, men eg merka ikkje dei
store resultata, og sleit litt med motivasjonen. Så oppdaga eg i samanheng med lanseringa
av Skyrim noko som heitte
Skyrim Fitness Challenge, arrangert av ein nettstad
som heitte
Fitocracy. Kva var dette her? Jo, det var det billigaste og enklaste
belønningssystemet eg kunne bedt om.
Fitocracy er rett og slett ein sosial nettstad for dei som
trener. Når ein loggfører det ein har trent på Fitocracy, får ein XP. Når ein
får nok XP, går man opp eit nivå. Så sjølv om eg ikkje var sånn superflink, og
sjølv om dagsformen ikkje var heilt superduper, og eg berre gjorde nokon
øvingar heime, så fekk eg poeng. Uansett, sjølv om det berre var litt. I
tillegg er dette eit kjent system for dei som har spelt mykje dataspel, noko
som kan gje mange av dei som ikkje er så
aktive ein motivasjon til å byrje å trene meir. Og i tillegg til desse
poenga ein får, får ein óg anerkjennelse frå andre fitokratar. Og ein veit jo at det ikkje betyr noko meir
enn at nokon liker noko på Facebook, men så betyr det litt likevel!
Ein veldig heldig bieffekt av Fitocracy, var at det fekk meg
over på frivekttrening. Trening med frie vekter gjev nemleg vesentleg mykje meir poeng enn andre typar
trening, noko som gjorde det meir motiverande. Og sjølv om det var ein litt
tøysete grunn til å starte med frie vekter, så var det jo tross alt ein start!
I dag så er frivektstrening det mest morsomme og motiverande eg trener, og eg loggfører stadig på Fitocracy, og vil anbefale det på det varmaste! Og trening har blitt ein så stor del av livet mitt at det har blitt min hovudfritidsaktivitet – og tre treningsøkter
i veka er litt i underkant.