mandag 26. mai 2014

Kvardagskjærleik

Det er så lett å fordjupe seg så veldig. Falle hovudstups inn i noko som er kjempespannande og altoppslukande, og så miste litt av det andre ein hadde frå før – før den brå oppvakninga når forelskinga har gått over til kvardag, og ein plutseleg kjem på kva anna som må takast vare på.

Sånn er trening litt for meg no. Som relativt utrent innleia eg først eit litt tvungent forhold med gruppetimetilbod og frykteleg uteknisk løping, som deretter vart overteken av eit lidenskapeleg forhold med målretta styrketrening, som dei siste åra har prega korleis eg har trent. På eigen hand, målretta, fokusert. Og eg synes framleis det er gøy! Det å kunne legge på eit par kilo ekstra, berre for å pumpe ut ein ekstra repetisjon er så målbart, så enkelt å halde styr på og så utruleg motiverande for neste økt. Framover og oppover.

Men den umiddelbare forelskningsrusen har gått over. Den har ikkje forsvunne, det trur eg den aldri gjer. Men den har gått over til ein ikkje fullt så intens kvardagskjærleik, der eg forstår at det er plass til andre ting óg. Og eg forstår at ikkje alle kan vere like forelska i styrketrening.  For eg har forstått at eg er eit annleisdyr. Eg er ein minoritet når det kjem til fysisk aktivitet, og har endeleg byrja å ta det inn over meg. Det er ikkje vanleg å trene nærast kvar dag. Den gjengse nordmann hadde nok ikkje sagt at trening er den største interessa hen har. Og det er heilt greit!

Eg er ikkje lenger blinda av den intense fjortisforelskinga, og eg forstår no at nei, ikkje alle liker styrketrening. Eller å løpe. Eller å hoppe rundt i ein sal. Eg forstår at mange har plenty av aktivitet i kvardagen, eller heller har lyst til å ta seg ein skitur eller gåtur. Eller så kan det godt hende dei synes det er heilt greit med trening, men at det er andre ting som ligg deira hjarte nærast, og som dei vel å bruke meir tid på, for det er deira prioritering til sine pasjonar. Og sjølv om det er ein imponerande prestasjon, så må ein ikkje ta 115 kg i knebøy eller 60 pushups, som den dama her gjer;





For ho gjer det fordi det er det ho har lyst til. Ein skal ikkje føle at trening og fysisk aktivitet skal vere eit ork, og eit stadig samvetsjag, eller føle at ein burde trene berre for treninga si skuld. Men kva er vitsen med det? Det ein bør trene for, er å ha nok energi og krefter og kapasitet til å kunne utøve sitt liv og alt som inneber i det, og fortsetje å halde liv i sine kjærleiksforhold til andre interessar. Sånn at desse forholda kan vare livet ut. 

Ingen kommentarer: