Kven skulle tru at noko så anonymt som tomatsaus kan vere skikkeleg, skikkeleg godt? I mange år gjorde eg noko så dumt som å kjøpe tomatsausen ferdig, berre fordi den kosta så frykteleg lite, i staden for å lage den sjølv. Men ein kan jo heilt fint lage den sjølv! Denne oppskrifta brukar eg, tilpassa etter ei oppskrift eg fann i eit oppskriftshefte frå Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøt:
Ein boks hakka tomatar
To ss tomatpuré
Ei teskei Sukrin (eller sukker, om ein vil)
Ei teskei pesto (mest fordi eg ikkje hadde basilikum, men ein pesto med 60% basilikum holdt i massevis)
Salt (eg brukte kvitlaukssalt, då eg ikkje hadde kvitlauk)
Pepar
Oregano
Kryddermix med chili (eg er fan av Chili Explosion frå Santa Maria, trass det litt kleine namnet.)
Hell dei hakka tomatane og tomatpureen i ein liten kasserolle. Ha i sukrin, pesto, og krydder til det er passe. La det småkoke i 10 min. Så lett er det!
Det ser jo unekteleg litt mindre delikat ut enn på mange andre matbloggar, men det får heller vere. |
For meg som oftast lagar middag til meg sjølv, held dette til to dagar, omtrent uansett kva eg lager. I dag laga eg pizza med denne botnen, berre med mandelmjøl i staden for kokosmjøl, ettersom det var det eg hadde. Så smurte eg på tomatsaus, ost, raudløk og spekeskinke, stekte den til osten vart gylden, og åt opp alt saman sjølv.
Omnomnom! |
Hendig. |
1 kommentar:
Fekk nettopp eit spørsmål om eg hadde oppskrift på ein god tomatsaus. No har eg jammen det! Takk :)
Legg inn en kommentar